top of page
  • Halvor Tjønn

Putin vinn, Russland taper

(Kommentar i Dag og Tid, august 2012)


Vladimir Putins parti vinn – med god margin – det russiske parlamentsvalget om tre veker. Det tyder ikkje at alt står bra til med regimet han står i spissen for.


Alle pensjonistar og militære vil få ein eingongsutbetaling frå den russiske staten, gjorde Vladimir Putin kjent for få dagar sidan. Pensjonistane får 10 000 rublar (cirka 1250 kroner) og militære får 15 000 (omlag 1900 kroner). Til saman vil 47 millionar russarar – rundt rekna 40 prosent av veljarfolket – nyta godt av pengane.


At politiske leiarar serverer valflesk til veljarane sine, er slett ikkje uvanleg. Men at noko nær halvparten av alle som skal stemma ved valet til ny nasjonalforsamling – Statsdumaen – den 19. september får ein sjekk i posten, er meir særsynt. Regimet som Vladimir Putin står i spissen for, ligg langt i frå på sotteseng. Men også Putin og folka kring han kan lesa meiningsmålingar, og skjønar at dei har eit problem.


Skal ein tru desse målingane, blir partiet til presidenten, Sameint Russland, støtta av mindre enn kva tredje veljar. Går ein til Moskva by, er tala endå meir alarmerande: Her er det berre 15 prosent som seier at dei vil gje røysta si til det regjerande partiet.


Rett nok er meiningsmålingar i Russland ikkje pålitelege. I lang tid var Levada-senteret det leiande og mest respekterte sosiologiske instituttet i landet. For fem år sidan erklærte russiske styresmakter at senteret er ein såkalla utanlandsk agent. Å ha noko å gjera med Levada-senteret blei plutseleg risikabelt. Det seier seg sjølve at å utføra meiningsmålingar rundt i samfunnet samstundes som ein er stempla som ein forbrytar, ikkje er lett. Likevel har Levada-sentret klart å halda fram med arbeidet sitt.


Ei taus stemme


Den stemma som derimot er blitt heilt taus, er den fremste opposisjonsgruppa i landet, nemleg rørsla til Aleksej Navalnyj. I desse dagane er det temmeleg nøyaktig eitt år sidan Navalnyj blei forgifta mens han sat på eit fly med kurs mot Moskva. Etter får dagar blei det gjeve løyve til at han kunne få dra til Tyskland. Putin og folka hans rekna nok med at dei var kvitt Navalnyj for godt og hadde ikkje trudd at han skulle dukka opp igjen etter nokre månader. Kva ein då gjorde, kjenneteiknar eit totalitært – og ikkje eit autoritært – regime: Navalnyj blei sendt til ein fangekoloni. Rørsla hans blei erklært å vera ekstremistisk på line med al-Qaida og IS og difor oppløyst. I dag er det direkte farleg å støtta Navalnyj-rørsla. Dei mange avdelingane som fantes ut over by og bygd, gjekk i oppløysing.


Etter at Navalnyj-rørsla var knekt, heldt felttoget mot dissidentar fram med full styrke. Rett før sommaren fekk nyhendesida meduza.io det same «utanlandsk agent»-stempelet som Levada-instituttet. Nettsida var i si tid grunnlagt av sjefredaktør Galina Timtsjenko, etter at ho og ei tjuetal journalistar var blitt sparka frå den kjente nettstaden lenta.ru. Med Timtsjenko i spissen drog journalistane til Latvia der dei heldt fram med arbeidet, men støtta av eit nettverk av journalistar i Russland. Timtsjenko og staben hennar i Latvia kan ikkje bli nådd av russiske styresmakter, men journalistane på russisk jord lever farleg. Truleg mistar meduza.io litt etter litt desse livsviktige kontaktane.


Dra i eksil


Så, rett før sist helg, kom kunngjeringa om at fjernsynsstasjonen Dozjd (Regn) var utsett for det same. Når russiske sjåarar i dag går inn på nettsida til stasjonen, blir dei møtt av ein plakat som seier at «Dette materialet blir spreitt av eit utanlandsk massemedium som fungerer som ein utanlandsk agent, eller av ei russisk eining som utfører funksjonen til ein utanlandsk agent.» At ein må opplysa dette til alle som kjem inn på nettsida, er kanskje ikkje så farleg. Men når ein fyrst er blitt stempla som utanlandsk agent, får dei statlege organa rett til å kontrollera alle sider ved drifta til eit selskap eller ein person. Då er det fort gjort å finna ting som gjev grunnlag for store bøter eller fengsel. Ulike statsorgan kan kort sagt gjera kva dei måtte finna på. Løysinga for dei fleste såkalla utanlandske agentane blir å leggja ned og dra i eksil.


Kneblinga av alternative stemmer kjem midt i ein pandemi som har avdekka alvorlege problem i Russland. Av ei folkemengd på omlag 145 millionar, har det døydd cirka ein halv million fleire menneske enn vanleg. Dette skjer i landet som var fyrst ute med å framstilla ein allment tilgjengeleg vaksine. Forklaringa ser ut til å vera at befolkninga ikkje har tiltru til styresmaktene og difor nektar å la seg vaksinera.


Halda stien rein


For eit par hundre år sidan skjønte dei fleste i Nordvest-Europa at opposisjon var like viktig som ikkje-korrupte, ærlege makthavarar. Inga makt kan halda stien sin rein om ein ikkje blir kikka i korta. Dette gjeld mykje meir for Russland – eit land med lange tradisjonar for maktmisbruk – enn for vestlege land. Når den nye Statsdumaen kjem saman etter valet neste månad, vil det som på russisk heiter «politisk teknologi» syta for at Putins parti igjen har eit solid fleirtal, sjølvsagt godt hjelpt av dei sjenerøse sjekkane til pensjonistane. Opposisjonen vil vera i utlandet, i fengsel eller i passivitet. Det sitjande regimet vil gratulera seg sjølv, men gløyma at prisen det betalar, er svært høg.




Siste innlegg

Se alle

USA fra splittelse til dialog

(Kronikk i Aftenposten januar 2021) Polariseringen av USA førte Donald Trump inn i Det hvite hus. Spørsmålet er om Joe Biden kan gjøre noe for å reversere en langvarig, negativ utvikling? Man har sett

Korleis skal me leva med Kina?

(Kommentar i Dag og Tid, juli 2021) Det er berre til å innsjå: Dei neste tiåra vil verdspolitikken stort sett handla om rivaliseringa mellom Kina og USA. I desember 2001 blei Kina medlem av verdas han

Kina har Taiwan i siktet

(Kommentar i Dag og Tid, juni 2021) Eit kinesisk forsøk på å erobra Taiwan seglar opp som den neste, store internasjonale krisa. Ingen veit når det skjer. Men at det skjer, er ikkje usannsynleg. Sysla

bottom of page