top of page
  • Halvor Tjønn

Kina har Taiwan i siktet

(Kommentar i Dag og Tid, juni 2021)


Eit kinesisk forsøk på å erobra Taiwan seglar opp som den neste, store internasjonale krisa. Ingen veit når det skjer. Men at det skjer, er ikkje usannsynleg.


Syslar leiinga i det kinesiske kommunistpartiet med planar om å erobra Taiwan? Diverre ser svaret ut til å vera ja. Stadig oftare tek kinesiske toppleiarar og media opp spørsmålet om den såkalla gjenforeininga av fedrelandet. Kinesiske militære fylgjer opp med stadig fleire øvingar tett inntil øya i Sør-Kina-havet.


I 1995-96 gjekk den kinesiske leiinga i gang med å skyta rakettar inn i territorialfarvatnet til Taiwan, samstundes med at ein øvde på landsettingsoperasjonar. Det heile utvikla seg til ei internasjonal krise. Fyrst då USA sendte to hangarskipgrupper inn i det 18 mil breidde sundet mellom Taiwan og fastlandet, tok dei kinesiske rakettøvingane slutt. Den kinesiske marinen hadde ingenting å stilla opp med.


Eit kvart hundreår etter er situasjonen ein heilt annan. Dei siste åra har den kinesiske marinen kvart einaste år sjøsett like mange farty som det finst i heile den britiske marinen. Stadig oftare har det kinesiske sjøforsvaret øvingar aust for Taiwan. I 2020 krenka Kina luftrommet til Taiwan 380 gonger, og i april i år flaug ein armada på ikkje mindre enn 25 jagar- og bombefly inn i taiwansk luftrom.


Den kinesiske pressa fylgjer opp. Avisa Global Times – eit talerøyr for dei kinesiske styresmaktene – skreiv til dømes for nokre månader sidan: «Den einaste vegen framover er for Kina å førebu seg på krig og gje separatiststyrkane på Taiwan ein hard straff. Etter kvart som separatistane (les: Taiwan, red. merk.) blir meir og meir arrogante, kjem me tettare på historias vendepunkt.»


Kommunistpartiet tek over


Mange Kina-kjennarar trur at partisjef Xi Jinping ser det som si spesielle historiske oppgåve å gjennomføra det Mao Zedong ikkje klarte i si tid, nemleg å henta Taiwan inn i folden. Ingen veit kor lengje Xi tek sikte på å sitja ved makta i Kina. Ingen veit heller når tid han kan gje ordre om eit åtak på Taiwan. Det som får mange til å frykta at eit åtak ligg ganske nært inn i framtida, er utviklinga i Hongkong og i Xinjiang. Etter kvart som Beijing gjer dei to einingane meir og meir lik resten av Kina, blir det stadig vanskelegare å selja den såkalla eitt-Kina-to-system-oppskrifta. Alle på Taiwan veit at den dagen Beijing tek over, så kjem det kinesiske kommunistpartiet til å styra på øya. Knapt nokon vil vera interessert i det.


Difor er det berre ved bruk av makt Beijing kan henta inn Taiwan. Korleis det skal skje, er det like mange teoriar om som det er Kina-kjennarar. Mange trur at kinesarane heilt medvete set i gang så mange militære øvingar kring Taiwan at grensa mellom krig og fred etter kvart blir viska ut. Den dagen Beijing går til åtak, vil forsvaret på øya ikkje forstå at krigen i røynda har teke til.


Det store spørsmålet for dei kinesiske militære planleggjarane er sjølvsagt om USA kjem til å gå inn på Taiwans side eller ikkje. For den amerikanske presidenten vil det vera snakk om å gripa inn i ein konflikt ein ikkje er sikker på å gå sigrande ut av. Enklast vil det difor vera å la Taiwan segla sin eigen sjø. På den andre sida har Joe Biden heilt frå han kasta seg inn i valkampen for å bli president, understreka at han ser det som si oppgåve å fremja demokratiet i verda. I ein programartikkel i tidsskriftet Foreign Affairs våren 2020 tok han til orde for eit verdsomspennande toppmøte av demokratiske statar. Sjølve grunngjevinga for amerikanske utanrikspolitikk skal vera motstand mot diktatur og diktatorar, slo han fast. Dei siste dagane har han fyrst på G-7-møtet i Cornwall og sidan på toppmøtet i Nato fremja ei anti-kinesisk, pro-demokrati-line. At han om eitt, to eller tre år vil sitja stille og sjå på at verdas mektigaste diktatur legg under seg eit av demokratia i Asia, er lite truleg.


Trugsmål mot freden


Dersom USA går inn i konflikten på Taiwans side, kan kinesiske og amerikanske marinefarty koma i kamp med kvarandre. Om det kjem så langt, kjem an på koreleis tilhøvet mellom dei to supermaktene utviklar seg. Dersom ein krig mot Taiwan fell saman med til dømes ei kinesisk overtaking av heile Sør-Kina-havet, kan USA få ei kjensle av å vera trengt inn i eit hjørne. Både Washington og Beijing vil forstå kor farleg ein slik situasjon vil vera.


No kan dei politiske konjunkturane i USA skifta, og landet kan igjen få ein isolasjonistisk president. Men slik verda ser ut i juni 2021, er Taiwan det største noverande trugsmålet mot den globale freden.


Sjølvsagt vil det få verknader for Europa. Frankrike og Tyskland er einige i at det totalitære Kina utgjer eit problem, men set ned foten når amerikanarane har ynskt å fiende-stempla regimet i Beijing. Problemet som ingen kan snakka seg bort i frå, er den ustabiliteten som vil fylgja i kjølvatnet av ein amerikansk-kinesisk konfrontasjon. Kina og Russland har dei siste åra bygd ein stadig tettare allianse. Med det amerikanske forsvaret engasjert i Aust-Asia kan spenninga i Europa stiga til høgder me helst ikkje vil sjå.


Å måla ein viss mann på veggen, er sjeldan produktivt. Best hadde det vore om kinesarane hadde slutta å snakka om den militære opsjonen når det gjeld Taiwan. På den andre sida er realisme alltid ein dyd i politikken.




Siste innlegg

Se alle

USA fra splittelse til dialog

(Kronikk i Aftenposten januar 2021) Polariseringen av USA førte Donald Trump inn i Det hvite hus. Spørsmålet er om Joe Biden kan gjøre noe for å reversere en langvarig, negativ utvikling? Man har sett

Putin vinn, Russland taper

(Kommentar i Dag og Tid, august 2012) Vladimir Putins parti vinn – med god margin – det russiske parlamentsvalget om tre veker. Det tyder ikkje at alt står bra til med regimet han står i spissen for.

Korleis skal me leva med Kina?

(Kommentar i Dag og Tid, juli 2021) Det er berre til å innsjå: Dei neste tiåra vil verdspolitikken stort sett handla om rivaliseringa mellom Kina og USA. I desember 2001 blei Kina medlem av verdas han

bottom of page