top of page
  • Halvor Tjønn

Korleis skal me leva med Kina?

(Kommentar i Dag og Tid, juli 2021)


Det er berre til å innsjå: Dei neste tiåra vil verdspolitikken stort sett handla om rivaliseringa mellom Kina og USA.


I desember 2001 blei Kina medlem av verdas handelsorganisasjon, WTO. Fortsatt sat det eit etter forholda liberalt regime ved makta i Beijing. På vestleg side trudde ein at berre Kina fekk handla meir med resten av verda, om fleire kinesarar fekk studera ved vestlege universitet og dersom kontakten mellom Kina og omverda blei betre, då ville Kina bli eit mindre autoritært samfunn.


Trua på eit reformert Kina blei omfamna av heile den politiske eliten i dei vestlege landa. Diverre synte det seg ikkje riktig, men det er vanskeleg å peika på kor det gjekk gale. At det heile tida skulle ha funnest ein kinesisk konspirasjon som gjekk ut på å byggja opp landet økonomisk og militært, samstundes som ein lulla dei vestlege landa inn i svevn, er vanskeleg å tru på. Kva som likevel står fram som eit klart vendepunkt, er valet av Xi Jingping til ny partisjef i 2012.


Når ein i dag ser attende på dei snart ni åra Xi har sete ved makta i Kina, kan ein konstatera at noko nytt har skjedd. For fyrste gongen sidan Mao Zedong tek Kina kampen opp mot den dominerande verdsordninga, bygd kring den økonomiske og militære makta til USA. Sjølv om Kina per i dag har eit bnp som er berre omlag 70 prosent av det amerikanske, krev landet å bli anerkjent som verdas andre supermakt, ved sidan av USA.


Kina avgjer sjølv


Statusen som supermakt har nokre implikasjonar: Viktige avgjerder på den globale scena må ikkje bli tekne utan at Kina er rådspurt. Meir avgjerande er det at dei vestlege landa ikkje lenger skal få blanda seg inn i korleis det kinesiske kommunistpartiet styrer Kina. Og «Kina» tyder i denne samanhengen ikkje minst provinsane Tibet og Xinjiang, men òg Hongkong og Taiwan, saman med Aust- og Sør-Kina-havet. Ingen skal heller få leggja hindringar for kinesisk eksport av høgteknologi eller for økonomisk samkvem med tredjeland.


Det er lett å kalla fram minna om den kalde krigen, som blei avslutta med samanbrotet til Sovjetunionen i 1991. Likevel er det store forskjellar: Den kalde krigen var ein ideologisk kamp mellom det marxist-leninistiske sovjetimperiet og det kapitalistiske Vesten. Rett nok er det kinesiske kommunistpartiet på ein eller annan måte tufta på marxismen, men no – 100 år etter at partiet blei stifta – har partiet fjerna seg monaleg frå opphavet. Kinesarane forsøker i liten grad å eksportere den ideologiske modellen sin til andre land, men dei ynskjer absolutt respekt og anerkjenning for måten Kina blir styrt på. Det fører med seg at den vestlege modellen, med folkestyre og respekt for menneskerettane, ikkje lenger blir sett på som den universelt godtekne måten å styra eit land på. I samsvar med dette byggjer Kina ut det økonomiske og militære samarbeidet med andre land som blir styrte på nokolunde den same måten. Fremst står då Russland og Iran.


For å hindra at vestlege sanksjonar ein dag legg kjelkar i vegen for Kinas utvikling, har Beijing lenge ivra for at ein skal nytta den kinesiske valutaen og ikkje dollar i handelen med andre land. På lengre sikt er målet å gjera Kina uavhengig av Swift, det amerikansk-kontrollerte systemet for internasjonale pengeoverføringar. Samstundes ynskjer Xi Jingping å gjera voksteren i den innanlandske økonomien i Kina meir uavhengig av verdikjeda på verdsmarknaden. Kina skal kunna utvikla sin eigen, innanlandske økonomi lausrive frå det som skjer internasjonalt. Om eit par tiår vil Kina, ifylgje Xi, ha ein stor økonomi delvis uavhengig av ein verdsmarknad der framleis USA og deira allierte er viktige, men ikkje dominerande aktørar.


Slik skal Kina, om ein lyttar til det Xi Jinping seier i talane sine, verta verdas største økonomi. Til sjuande og sist handlar det om å auka makta til det kinesiske kommunistpartiet.


Kva kan gjerast?


So kan ein spørja om dette vil vera så farleg for verda? Militært vil Kina antakeleg berre truga dei landa som ligg nærast inntil. Ingen kinesisk soldat kjem nokon gong til å setja føtene sine på norsk jord. Makta til USA og Europa blir mindre, mens Aust-Asia blir verdas økonomiske tyngdepunkt, slik det var før den industrielle revolusjonen. Korleis ein enn snur og vender på det, er det utenkeleg at Kina går i oppløysing, slik det skjedde med Sovjetunionen. Kanskje vil den beste løysinga – også for Vesten – vera å la utviklinga gå sin gang?


Det som då kjem til å skje – noko ikkje minst sitjande president Joe Biden har peika på – er at verda blir meir utrygg for demokratia, men meir trygg for autokratia – det vil seia dei statane som blir styrte av ikkje-folkevalte leiarar. Me er blitt vande til å tenkja at verda utviklar seg i stadig meir demokratisk retning. Om voksteren til Kina held fram, vil denne trenden bli broten.


Korleis skal demokratiske land demma opp for denne utviklinga? Spørsmålet vil krevja mykje debatt og tenking i Vesten dei neste få åra. At vestlege land må setja foten ned når Kina kjøper nøkkelbedrifter og viktige infrastruktur-anlegg i Vesten, mens vestlege firma ikkje kan gjera det same i Kina, synest opplagt. Europearar og amerikanarar kan heller ikkje slutta å kritisera Kina for brot på menneskerettane. Kina vil halda fram med å hemna seg og leggja vestlege land i den såkalla fryseboksen. Men gjev me opp å kritisera brot på menneskerettane, gjev me opp noko av det viktigaste i den vestlege sivilisasjonen.


Det me heilt sikkert ikkje må gjera, er å svekka det alliansesystemet som held dei demokratiske landa saman, slik Donald Trump var i ferd med å gjera. Fordi utfordringa frå Kina vil vera økonomisk og teknologisk snarare enn militær, vil slaget mykje meir stå i klasseromma og på universiteta enn i militærkanserane. Vesten må halda på det teknologiske og økonomiske forspranget som me har hatt dei siste hundreåra. Så lett – og så vanskeleg – blir det å hanskas med Kina.



Siste innlegg

Se alle

USA fra splittelse til dialog

(Kronikk i Aftenposten januar 2021) Polariseringen av USA førte Donald Trump inn i Det hvite hus. Spørsmålet er om Joe Biden kan gjøre noe for å reversere en langvarig, negativ utvikling? Man har sett

Putin vinn, Russland taper

(Kommentar i Dag og Tid, august 2012) Vladimir Putins parti vinn – med god margin – det russiske parlamentsvalget om tre veker. Det tyder ikkje at alt står bra til med regimet han står i spissen for.

Kina har Taiwan i siktet

(Kommentar i Dag og Tid, juni 2021) Eit kinesisk forsøk på å erobra Taiwan seglar opp som den neste, store internasjonale krisa. Ingen veit når det skjer. Men at det skjer, er ikkje usannsynleg. Sysla

bottom of page