• Halvor Tjønn

Er muslimar og vestlege heilt einige?

Er det slik at den kløfta mange har trudd eksisterer mellom muslimar og folk i Vesten mest byggjer på mistydingar og fordommar? Ei ny norsk bok hevdar det.


Kommentar i Dag og Tid primo november 2017

Dei aller fleste muslimar i Noreg stør norske verdiar. Dei vil ha demokrati og likestilling mellom kjønna. Fleirtalet meiner til og med at dei muslimske landa ville bli betre stader å leva i dersom dei tok etter ideala til den ikkje-muslimske staten Noreg.


Dette er – for mange – dei noko overraskande resultata som samfunnsdebattanten og legen Bushra Ishaq presenterer i ei bok som kom ut denne veka. Boka har tittelen: Hvem snakker for oss, med undertittelen Muslimer i dagens Norge, hvem er de og hva mener de. Skal ein tru forfattaren, er det slik at det ikkje eksisterer noka uoverstigeleg kløft mellom islamske og vestlege verdiar. Muslimar flest vil det same som majoritetsbefolkninga; dei vil leva i fredelege samfunn, sende borna på skule og elles ha eit godt tilhøve til naboen sin.


Riktig nok finst det muslimar som vil noko anna: To prosent av muslimane i undersøkinga meiner det er i orden at ein drep sivile for å nå politiske mål. Men dette er ikkje særleg alarmerande, meiner forfattaren. I den norske normalbefolkninga er det faktisk åtte prosent som meiner det same. Altså er muslimar i Noreg gjennomgåande meir fredeleg enn etniske nordmenn, antydar ho.


Boka og ikkje minst funna til Bushra Ishaq vekte oppsikt. Det var ikkje meir enn naturleg: Til no har me ikkje visst noko særleg om kva muslimar i Noreg meiner, og her kom det endeleg ei undersøking.


Så kan ein spørja om undersøkinga til Bushra Ishaq speglar røyndomen, eller om undersøkinga speglar ynskja til forfattaren. Ho legg sjølv ikkje skjul på at det var vanskeleg å samla inn svara på dei 10 000 skjemaa som blei sendte ut til muslimar i Noreg. Så få skjema kom attende at ein lova alle som svara, eit gåvekort på 500 kroner (sic!). Til slutt fekk ein svar frå 845 personar, det vil seie færre enn kvar tiande.


Kor problemet ligg

Undersøkinga byggjer altså på eit lågt tal med respondentar. Likevel er det sjølvsagt gledeleg at 96 prosent av dei muslimske mennene som svara på spørsmåla, meiner at kvinner og menn skal ha like rettar. Det er ikkje her problemet ligg. Problemet ligg ein annan stad: Gjennom heile boka si syner Bushra Ishaq at ho meiner islam er ein nokså konstant storleik, meir eller mindre den same som då Muhammed stifta religionen i den arabiske ørkenen for 1400 år sidan. Denne religionen var fredeleg. Terrorismen i dag er eit avvik frå denne læra som Muhammed forkynte, hevdar ho.


For å få dette til å stemma med historia, må ho ta i bruk det ein kan kalla kreativ historieforteljing. Ikkje på noko punkt blir dei historiske kjeldene sitert. Når det gjeld Muhammed si tid i Medina, då han stort sett dreiv krig i ti år, fortel forfattaren berre om den såkalla Medina-konstitusjonen, der Muhammed og jødane i Medina må ha hatt eit forbund. At Muhammed sidan jaga bort og massakrerte jødane, teier ho om. På same måte er det når forfattaren skal argumentera for at full likestilling er i samsvar med bodskapen til

religionsstiftaren. Då må ein la vera å snakka om at koranen gjev grønt ljos for polygami og at Muhammed sjølv hadde ni koner. I staden snakkar ein berre om den eine kona Muhammed hadde tidleg i livet sitt.


Når ein neglisjerer desse to viktige elementa i islam, Muhammed som krigar og Muhammed som pådrivar for innføring av polygami, neglisjerer ein samstundes to av dei sentrale elementa i moderne, militant islamisme. Då blir ein antakeleg heller ikkje oppteken av å sjå kva muslimar i Noreg meiner om desse viktige trekka ved islam i dag, noko boka hennar er prega av.


Ein som har forsøkt å analysera den verknaden som islamistisk ideologi har på muslimar i Europa i dag, er den danske professoren Frederik Stjernfelt. I eit bidrag i boka Islamisme, ideologi og trussel, som blei utgjeve av Nettverket for studiet av totalitarisme og demokrati for eit år sidan, viser Stjernfelt til ei stor undersøking frå 2013 med 9000 respondentar, båe kristne og muslimar, i seks europeiske land. 44 prosent av muslimane gav svar som synte at dei hadde fundamentalistiske haldningar når det gjeld religion. 26 prosent av muslimane kunne karakteriserast som homofobe, antisemittiske og rasistiske. Samstundes kunne fire prosent av kristne europearar bli karakteriserte som fundamentalistar og 1,6 prosent som xenofobe og rasistar.


Gode nyhende

Tala som Stjernfelt presenterer og dei tala som kjem fram i undersøkinga til Bushra Ishaq er altså svært sprikande. Det gode nyhendet i tala til Stjernfelt er at eit fleirtal av muslimane i Vesten har lagt bak seg mange av dei haldningane som pregar Midt-Austen. Det dårlege nyhendet er at nær halvparten er fundamentalistar og ein firedel er antisemittar og rasistar. Fordi Bushra Ishaq for størstedelen ikkje stiller dei relevante spørsmåla og dessutan har gjennomført ei undersøking med store metodiske veikskapar, veit me fortsatt ikkje korleis stoda er i Noreg.


I desse tider, då SSB-sjefen Christine Meyer ser ut til å angra at byrået hennar har forska på kostnadene ved innvandringa, er det kanskje eit fåfengt håp at det blir sett i gang ei stor haldingsundersøking hjå muslimar i Norge om korleis dei stiller seg til viktige islamistiske dogme. At det er behov for rein og lytefri vitskap på dette området, kan vel få vera usamde i. Me får kanskje sjå, når SSB-sjefen har vore nokre fleire rundar inn på kontoret til Siv Jensen.

2019 Halvor Tjønn