top of page
  • Halvor Tjønn

Draumen som alltid blir mareritt

I meir enn 100 år er ulike sosialistiske eksperiment blitt lanserte. Alle har gått gale. Kvifor er det ingen som lukkast, og kvifor er det så vanskeleg å vedgå fiaskoane?


Publisert i Dag og Tid april 2019


Det byrja så godt: I februar 1999 blei Hugo Chávez teken i eid som president i Venezuela. Han skulle gje fattigfolk i det oljerike landet ein ny start. I ei rad med val og folkeavstemmingar synte det seg at han sjølv og partiet hans fekk solid oppslutning frå dei mange fattige i landet.


I dag er regimet som Chávez la grunnen til, bankerott. Millionar har flykta frå landet, hyperinflasjonen herjar og nasjonalforsamlinga har avsett etterfylgjaren til Chávez , Nicolás Maduro. Regimet held seg oppe berre takka vera støtte frå hæren og frå autoritære regime som Cuba, Russland og Kina.


På same vis er det i Nicaragua, det andre fyrtårnet for venstresida i Latin-Amerika: Daniel Ortega og Sandinistpartiet kom attende til makta i 2006, rett nok berre med 38 prosent av røystene. I åra som er gått sidan den gongen, har Ortega bygd opp eit personleg diktatur med seg sjølv og kona si, Rosario Murillo, i sentrum. Dei har einsretta pressa, fått kontroll med nasjonalforsamlinga og samla store eigedomar i eigne hender. Fredelege protestar blir møtte med soldatar og skarpe skot.


Lang, lang rekkje

Tyrannia i Venezuela og Nicaragua føyer seg saman med ei lang rekkje med mislykka eksperiment: Det tok til i Russland seinhausten 1917. Allereie rett etter nyttår i 1918 jaga det nye regimet frå kvarandre den grunnlovgjevande forsamlinga, den fyrste heilt frie, folkevalte forsamlinga i russisk historie. Året 1918 heldt fram med masseavrettingar av bønder som nekta å selja avlinga si til spottpris til dei nye makthavarane. Frå det utgangspunktet blei alt berre verre.


Det neste eksperimentet fann stad i Kina: Etter at Mao Zedong og dei kinesiske kommunistane oppretta partidiktaturet sitt i 1949, drap dei rundt rekna to millionar såkalla klassefiendar. Så kom Det store spranget, som kosta livet til fleire tital millionar. Til slutt kom Kulturrevolusjonen som kosta mellom ein og to millionar kinesarar livet. Kina-eksperten Torbjørn Færøvik set talet på dødsoffer til minst femti millionar.


Så har me dei mindre sosialistiske fyrtårna, som Kambodsja, Nord-Korea, Vietnam, Cuba og dei tidlegare sosialistiske landa i Aust-Europa. Alle utmerka seg som tyranniske regime. Dei fleste har dessutan sytt for at borgarane har levd i djup fattigdom i generasjonar.


Å gå inn på årsaka til denne samanhengande rekkja av tragiske fiaskoar, har for mange vore vanskeleg. Trua på sosialismen blei utan samanlikning den fremste vekkingsbylgja i det 20. hundreåret. Anten trudde ein, eller ein trudde ikkje. Mange falt i frå trua, men dei som framleis trudde, meinte at det ikkje var noko gale med sosialismen i seg sjølv. Det var berre noko gale med dei som sette han ut i livet.


At denne haldninga var unison i kommunistpartia, som NKP og AKP i Noreg, er enkel å forstå. Men også langt utanfor desse partia hadde dei tyranniske regima trufaste fylgjarar. Det mest vidgjetne dømet her heime er kanskje SF-formannen Knut Løfsnes, som gjennom 1960-talet var ein krumtapp i kontaktnettet til DDR-diktaturet i Noreg. Frå 1977 hugsar me SV-nestleiar Steinar Stjernø som under ein kongress i Pyongyang takka «det nordkoreanske folket og Kim Il Sung for den sterke støtta dei gav til verdsrevolusjonen».


Går me fram til dette hundreåret, har partia SV og Raudt heldigvis konstatert at Sovjetunionen, Kina og Kambodsja har vore fiaskoar. Likevel gjekk dei rett etter at Chávez kom til makta i 1999, i gang med å hylla regimet hans. Dette gjorde dei sjølv om det heilt frå byrjinga var klart at Chávez hadde som målsetting å setja til sides både den lovgivande og dømande makta i landet, slik at all makt blei samla i ei hand – hos Chávez sjølv. I 2006 skreiv til dømes Audun Lysbakken at «solidaritet med Venezuela blir viktig framover». Fråsegna er no fjerna frå heimesida til SV.


Så seint som i 2016 gav Trondheimskonferansen – talerøyret til venstrefløya i den norske fagrørsla – sterk støtte til Maduro-regimet: «Vi støtter den bolivarianske regjeringen og det venezuelanske folkets kamp mot fattigdom blant annet gjennom programmene for boliger, offentlig transport, utdanning og helse», kan ein lesa i den no tre år gamle fråsegna.


Det religiøse elementet

Så kan ein stilla spørsmålet: Kvifor er det slik at dei sosialistiske regima normalt endar i tyranni, og kvifor er det slik at ytrevenstrefløya i Vesten som ein rein refleks stør desse regima, også lenge etter at samanbrotet er klart for alle andre? Spørsmålet har sjølvsagt ikkje noko enkelt svar. Det religiøse elementet er allereie peikt på. Trua på at sosialismen skal løysa alle dei problema menneskeætta slit med, er fortsatt grunnfesta når ein kjem langt nok ut på venstresida. Dei som sit med makta, går over lik for å nå det lova landet. Klakkørane i Vesten lukkar på si side augo for røyndomen, så lenge dei kan.


Det grunnleggjande problemet for alle sosialistiske land og alle sosialistiske rørsler har vist seg å vera deling av makt. Ikkje nokon stad i skriftene til Marx, Lenin eller Mao blir spørsmålet om maktkonsentrasjon og deling av makt drøfta. Dette er blitt avspegla i praksis: Så snart eit ytre venstre-parti kjem til makta, som no sist i Venezuela, er alle andre konkurrerande instansar systematisk forsøkt fjerna. Trua på at alt vil bli bra så snart nokon tek makta på vegne av «arbeidarklassa» eller «folket», har vore så grunnfesta på ytste venstre fløy at spørsmålet om maktdeling aldri har kome opp på dagsorden.


Denne mangelen på maktdeling har gjort desse rørslene handlingssterke og effektive og har vore kanskje den fremste drivaren for revolusjonære endringar dei siste 100 åra. Den same trua har utan tvil vore årsaka til den lange rekkja med tragediar.

Siste innlegg

Se alle

USA fra splittelse til dialog

(Kronikk i Aftenposten januar 2021) Polariseringen av USA førte Donald Trump inn i Det hvite hus. Spørsmålet er om Joe Biden kan gjøre noe for å reversere en langvarig, negativ utvikling? Man har sett

Putin vinn, Russland taper

(Kommentar i Dag og Tid, august 2012) Vladimir Putins parti vinn – med god margin – det russiske parlamentsvalget om tre veker. Det tyder ikkje at alt står bra til med regimet han står i spissen for.

Korleis skal me leva med Kina?

(Kommentar i Dag og Tid, juli 2021) Det er berre til å innsjå: Dei neste tiåra vil verdspolitikken stort sett handla om rivaliseringa mellom Kina og USA. I desember 2001 blei Kina medlem av verdas han

bottom of page