top of page
  • Halvor Tjønn

Freden då alt gjekk gale

For 100 år sidan kom Versailles-konferansen saman. Statsleiarane der gjorde alle dei feila som tenkast kunne. Også i dag kjenner me verknadene av konferansen.


Publisert i Dag og Tid vinteren 2019


I januar 1919 sette leiarane for dei fire sigersmaktene i fyrste verdskrigen – USA, Storbritannia, Frankrike og Italia – seg saman i Paris. Dei skulle skapa fred etter fire år med barbariske nedslaktingar. Sjeldan i historia har forventingane vore så store. Sjeldan har resultata vore så dårlege.


Dei heile byrja bra: I desember 1918 kom den amerikanske presidenten Woodrow Wilson til eit krigsskadd Europa. Med seg hadde han dei 14 punkta som skulle vera grunnlaget for fredsslutninga: Transparente fredsavtalar, mest mogleg fri handel, ei nyordning av grensene i Europa basert på nasjonalitetsprinsippet, oppretting av ein polsk stat, generell nedrusting og danning av eit Folkeforbund som skulle handtera alle stridsspørsmål mellom sjølvstendige nasjonar i framtida.


Prinsippa til Wilson kunne ha vore ein basis for varig fred i heile det 20. hundreåret i Europa, om dei hadde blitt etterlevd. I staden blei forhandlingane mellom dei fire sigersmaktene til eit småleg oppgjer: Frankrike var ute etter å ta hemn over Tyskland og skada landet mest mogleg. Italia var ute etter å grafsa til seg territorium på austkysten av Adriaterhavet og vestkysten av Anatolia. Britane freista på si side å få hand om flest mogleg av dei tyske koloniane. Og alle var dei samde om at Tyskland måtte bera ansvaret for krigen, sjølv om det faktisk opphavleg hadde vore Austerrike-Ungarn som gjekk til krig mot Serbia, som igjen fekk støtte av Russland i slutten av juli 1914.


Me er ikkje ferdige

Krigen blei sjølvsagt ein katastrofe, og Versailles-freden våren for 100 år sidan var ein ikkje mindre katastrofe. Forbitringa som freden skapte, var med på å leggja grunnen for Adolf Hitler. Slik sett kan ein seia at fyrste verdskrigen og Versailles hadde direkte innverknad på Europa heilt fram til 1989-91, då Tyskland blei samla og den kalde krigen avslutta. Likevel er me ikkje ferdige med Versailles. Også i dag kan me sjå verknadene etter forhandlingane våren 1919.


Fyrst og fremst ser me det i Midtausten: Tyrkia var hegemonimakta i mesteparten av Midtausten heilt fram til verdskrigen. I 1916 laga den franske diplomaten Francois Georges-Picot og den engelske offiseren Mark Sykes den såkalle Sykes-Picot-avtalen. Der streka dei opp, stort sett med linjal, kva for område dei to vesteuropeiske stormaktene skulle få i Midtausten når krigen var vunne. Det russiske tsar-riket slutta seg også til avtalen. Russland skulle få området der Istanbul ligg. Frankrike skulle få kontrollen med Syria, Libanon og delar av Anatolia. Britane skulle få Irak, Jordan og Palestina.


No gjekk det ikkje heilt slik Sykes og Picot hadde sett føre seg. Russland trekte seg ut av krigen, og Kemal Atatürk fekk kontroll med heile området som i dag utgjer Tyrkia. Ved å gå inn som koloniherrar i mange av dei områda der tyrkarane drog seg attende, blei Vesten ein del av dei maktpolitiske og etniske flokane Midtausten. Franskmenn og britar klarte ikkje å leggja grunnlaget for stabile nasjonalstatar i Midtausten. Heller ikkje dei siste tiåra har me hjelpt til med dette. Dei vestlege landa oppnådde lite eller ingenting, bortsett frå å skapa hat og motvilje mot Vesten som ein kan kjenna på heilt til i dag.


At alle deltakrane i Versailles dessutan valte å sjå bort i frå kravet frå kurdarane på å skipa sin eigen stat, er årsaka til eit anna av dei problema som pregar regionen i dag.

Men viktigare enn alle fadesane som blei gjort med koloniar, med Midtausten, med grensene i Europa osb., var sjølve hovudinnretninga for fredsslutninga: Ein valte å audmjuke ein stor nasjon i Europa, i dette høve Tyskland. Når ein fyrst valte å gjera det, sytte ein ikkje for å fylgja det heile opp med dei maktmidla som var naudsynte. I vår tid har me sett noko av det same: Russland har kjent seg audmjuka etter «fredsslutninga» etter den kalde krigen. Eit hovudproblem er sjølvsagt at russarane meiner at dei skal ha veto mot dei avgjerdene som nabostatane (les: Ukraina) tek i sin utanrikspolitikk. Likevel kan me stilla spørsmålet om me i vest har vore flinke nok til å inkludera Russland i den europeiske konserten, slik at Russland skulle kjenna seg meir forplikta til å fylgja reglane som gjeld statane i mellom?


USA drog heim

Hovudproblemet er likevel ikkje dette. Eit mykje større problem etter fyrste verdskrigen var det at den sterkaste militærmakta, USA, trekte seg ut av Europa etter at fredsavtalen var blitt underteikna. Amerikanarane vann altså krigen, og så drog dei heim. Hadde USA saman med britar og franskmenn frå og med 1919 bygd opp ein solid militærallianse, hadde aldri noko maktvakuum oppstått. Det var det Adolf Hitler utnytta då han gjekk til angrep på fyrst Polen, så Noreg og til slutt Frankrike i 1939-40.


Det ville vore absurd å samanlikna Russland i dag med Tyskland på 30-talet. Kva som likevel er likt med mellomkrigstida, er at det er i ferd med å oppstå eit maktvakuum på det europeiske kontinentet, nett slik det gjorde i mellomkrigstida. I takt med at Donald Trump ropar om America first, blir banda i den vestlege alliansen svekka. 20 år etter freden i fyrste verdskrigen gjekk det gale. Me må passa på, nokre tiår etter slutten av den kalde krigen, at det ikkje går gale igjen.

Siste innlegg

Se alle

USA fra splittelse til dialog

(Kronikk i Aftenposten januar 2021) Polariseringen av USA førte Donald Trump inn i Det hvite hus. Spørsmålet er om Joe Biden kan gjøre noe for å reversere en langvarig, negativ utvikling? Man har sett

Putin vinn, Russland taper

(Kommentar i Dag og Tid, august 2012) Vladimir Putins parti vinn – med god margin – det russiske parlamentsvalget om tre veker. Det tyder ikkje at alt står bra til med regimet han står i spissen for.

Korleis skal me leva med Kina?

(Kommentar i Dag og Tid, juli 2021) Det er berre til å innsjå: Dei neste tiåra vil verdspolitikken stort sett handla om rivaliseringa mellom Kina og USA. I desember 2001 blei Kina medlem av verdas han

bottom of page