• Halvor Tjønn

Året då Kina steig fram

2018 blei fleire sanningar skotne ned. Den fremste eks-sanninga handla om Kinas integrasjon i den liberale verdsordninga.


Publisert i Dag og Tid i januar 2019


I heile perioden mellom 1979 og 2010 vaks den kinesiske økonomien med omlag 10 prosent. I mesteparten av den same tidsbolken spela Kina knapt nokon som helst rolle på den internasjonale arenaen. Deng Xiaoping, far til det nye Kina, sette ord på denne strategien: «Skjul styrken. Vent på at tida skal koma.»


I dei sama tiåra der Kina hadde den mest spektakulære voksteren, dominerte utviklingsoptimismen i Vesten. Den som sette ord på dette, var Francis Fukuyama som i 1992 publiserte boka The End of History and the Last Man. Det var ikkje utsikt til at nokon ville utfordra det liberale demokratiet innanfor nokon som helst tidshorisont, hevda Fukuyama.

Tesen til Fukuyama (som han sjølv etter kvart gjekk bort i frå) trefte tidsånda og blei omfamna av dei politiske elitane i Vesten. Den kinesiske voksteren blei helsa velkomen. Kina blir ei økonomisk supermakt, men kjem ikkje til å setja økonomisk makt om til politisk og militær makt, var den politisk korrekte formelen.


I året som me snart har lagt bak oss, gjeld ikkje lenger denne sanninga. Me ser no eit pågåande oppgjer med Kina som handlar om mykje meir enn tollsatsar. Det kraftigaste signalet var ein tale som den amerikanske visepresidenten Mike Pence heldt i Hudson Institute i Washington DC i byrjinga av oktober. Talen gjekk under radaren på dei fleste norske nyhendemedium, men var særs dramatisk: Kina har gjennom urettvise handelsvilkår bygd opp ein enorm økonomisk styrke. Landet freistar å skaffa seg kontroll over mesteparten av dei avanserte industrisektorane i verda og er i ferd med å byggja opp eit militærapparat som tek sikte på å skyva USA ut frå det austlege Stillehavet. Målet er å dominere Sør- og Aust-Asia, verdas mest dynamiske region. Når Kina har fullført den militære oppbygginga kring 2025, vil USAs allierte i regionen enda opp bak dei kinesiske forsvarslinene, hevda Pence.

«Mens den kinesiske leiaren Xi Jinping så seint som i 2015 stod i rosehagen i Det kvite huset og fortalde verda at Kina ikkje hadde til hensikt å militarisera Sør-Kina-havet, er det akkurat det som skjer», la han til.


Ikkje på alvor?

No er det mange som ikkje tek Trump-administrasjonen – medrekna visepresident Pence – heilt på alvor. For dei kan det løna seg å lesa gjennom Foreign Affairs, det tidsskriftet i verda med størst politisk innverknad. Den siste utgåva er via nettopp til Kina og dei endra internasjonale makttilhøva. Ein av artiklane heiter typisk nok Den skjulte supermakta – korleis Kina dekka til sine globale ambisjonar.


At den politiske eliten i USA – og dette gjeld både republikanarar og demokratar – har definert Kina som den nye, store geopolitiske motstandaren, kjem til å dominera mykje av den politiske dagsordenen i 2019 og i tida som kjem. USA blir dei neste åra oppteken av rivaliseringa med Kina og vil ta mindre omsyn til gamle allierte. Korleis Europa finn plassen sin i dette endra landskapet, blir noko av det mest spennande i åra som kjem. Kva me har sett i året 2018, er at prosjektet med å byggja opp eit einskapleg, sterkt Europa som talar med éi stemme, er kome i hardt ver. Med Brexit vil den sterkaste militærmakta og den nest sterkaste økonomiske makta gå ut av unionen. Visjonen om eit samla Europa står ved dette årsskiftet svakare enn på mange tiår.


Rest-EU, med Tyskland og Frankrike i spissen, blir nøydd til å ta nokre vanskelege val. Ein opsjon er å forsøka å styrka unionen og innføra ein felles finanspolitikk for å redda euroen. Alternativet er å re-nasjonalisera EU, på sikt byggja ned euroen og at kvart einskilt land igjen knyter seg sterkare til USA. Problemet er at den politiske leiarskapen i dei to viktigaste landa i unionen er blitt svekka gjennom 2018. Den økonomiske voksteren har vore svak parallelt med at det skjer ei polarisering der ikkje minst middelklassa kjenner på seg at det limet som heldt samfunnet saman, er blitt veikare. I ei verd der militærmakt igjen er blitt viktig, har dei europeiske leiarane halde fram med å opptre som om dei lever i tida like etter at Berlin-muren fall. Resultatet er at uroa ute i det ein kan kalla folkedjupet, som me ser i Frankrike, blir større samstundes som Europa blir meir handlingslamma.


Russland og Noreg

Midt mellom eit stadig meir tvilande Europa og eit stadig sterkare Kina finn me Russland. President Vladimir Putin har dei tre-fire siste åra staka ut ein kurs der han står fram som ein alliert av Kina, Iran og andre anti-vestlege land. I november gjekk russiske stridskrefter til åtak på ukrainske marinefarty i Svartehavet, og Putin markerte at han ikkje har til hensikt å trappa ned konflikten med nabolandet. I 2018 har USA vore oppteken av russisk innblanding i amerikansk politikk, men har elles ikkje ofra så mykje tankekraft på Moskva. Europa har på si side til gode å finna ut om ein skal gjera noko med den russisk-ukrainske konflikten, eller berre la han halda fram som no.


Noreg blir i heile dette perspektivet ein liten aktør. I motsetnad til fleire andre europeiske land har me i året som er gått, unngått ei for sterk politisk polarisering, kombinert med at nasjonaløkonomien er solid heilt til botn. Men om konflikten mellom USA og Kina blir trappa opp, EU-landa blir meir opptekne av sine eigne problem og Russland held fram med å nytta militærmakt mot Ukraina, kan det fort bli mindre triveleg, også her nord.


At den politiske eliten i USA – og dette gjeld både republikanarar og demokratar – har definert Kina som den nye, store geopolitiske motstandaren, kjem til å dominera mykje av den politiske dagsordenen i 2019 og i tida som kjem.

2019 Halvor Tjønn