• Halvor Tjønn

Krisekontinentet Europa

Terroren i Paris har gjeve store grupper i Europa ei kjensle av at me står ved eit val: Skal konfliktane på kontinentet vårt bli trappa ned, eller skal dei bli trappa opp?


Publisert i Dag og Tid november 2015


Massedrapa i Paris var tragiske og forferdelege. Men det som hendte, var ikkje uventa. Alle visste kva som var i emning. Spørsmålet var ikkje om det kom ei ny, stor terrorhandling på europeisk jord. Spørsmålet var kor og når det skjedde.


Slik sett er terror allereie blitt ein normaltilstand i Europa. Etter at Den islamske staten i Irak og Levanten (Isil) erklærte verda krig, og Europa og USA difor erklærte krig mot Isil, har valden auka på. Når dei europeiske statane, sannsynlegvis saman med USA og Russland, etter kvart går inn for å ta knekken på Isil, blir kampen endå meir intens. Me kan i verste fall ende opp i ein situasjon der bombeåtak og massakrar, med påfølgjande djupe konfliktar mellom den innfødde og større eller mindre delar av den muslimske befolkninga i Europa, blir kvardagskost.


Framtida må ikkje bli slik. Men ingen europeiske politikar kan lenger ta seg råd til å sjå bort i frå at det kan bli slik. Difor er det ingen dristig spådom å seie at vinteren 2015/2016 blir ei tid der mange europearar vil setje seg ned og sjå på framtida. Kva kan gjerast for at Europa også i framtida skal verte verande eit fredeleg kontinent? Korleis kan me bryte den trenden me har sett til no, med stadig djupare konfliktar folkegruppene mellom og med stadig fleire terrorhandlingar?


Grenser må byggast

Det eine, enkle tiltaket som kan bli sett i verk straks, er å bygge opp att grensene mellom dei europeiske landa. Går me attende til 1980-talet, hadde alle europeiske statar sine eigne grenser. Kriminelle og terroristar som ynskte å dra frå eit europeisk land til eit anna, blei hindra av ei statsgrense. Så fall grensene mellom dei europeiske landa bort kring tusenårsskiftet. I sumar fall den ytre Schengen-grensa bort. I praksis kan ein kvar terrorist ta seg inn i eit kvart europeisk land utan å møte på hindringar av noko slag. Det seier seg sjølv at det ikkje kan halde fram.


Å byggje opp att dei europeiske statsgrensene vil ikkje vere så vanskeleg. Rett nok vil det koste litt pengar, og folk i Belgia som dreg på fotballkamp i Tyskland, vil måtte bu seg på å stå i kø ein halvtime ved grensa. Nordmenn som skal på Harry-tur til Sverige vil måtte ta med seg passet. Føremonene vil vere så mykje større: Rørslene over grensene vil kunne bli kontrollert. Styresmaktene får då ein viss kontroll med kven som kjem inn i landet. Kanskje kan det føre til at det blir mindre behov for å overvake dei som allereie oppheld seg innafor grensene til kvar einskild stat. Den overvakingsstaten som me no ser tydelige konturar av, kan bli ikkje fullt så omfattande.  


Mykje, mykje vanskelegare blir det å dempe spenninga mellom fleirtals- og mindretalsbefolkninga. Dersom unge, muslimske menn som er fødde i Europa held fram med å gå laus på saklause menneske, vil det ikkje vere nok å forsikre Ola og Kari i Noreg og Jacques og Caroline i Frankrike om at dei fleste muslimar er fredelege (noko dei sjølvsagt er!). Spenningane vil uvilkårleg auke mellom folkegruppene, og ei fortsatt rekke med terrorhandlingar kan bli ein katalysator for omfattande indre uro i dei europeiske statane.

Igjen: Det må ikkje bli slik. Men ingen europeiske politikarar kan lenger lukke augo for at dette kan bli framtida. Berre den moglegheita at dette ligg innanfor eit tenkeleg framtidsscenario, gir grunn til ettertanke – og til handling.


Avverje krigstilstand

For å avverje at Isils terrorkampanje skal føre til noko som kan likne på ein krigstilstand i delar av dei europeiske samfunna, vil europeiske politikarar både måtte sjå på innvandringspolitikken og på integreringspolitikken på ny. Ei rekkje med ekspertar sa etter terroren i Paris at det som hendte, heng saman med talet på muslimar i Frankrike og måten dei lever på. Store gettoar der politi og brannvesen ikkje vågar seg inn, i kombinasjon med høg arbeidsløyse og framveksten av stadig fleire muslimske forsamlingar der imamar står og preiker bodskapen om den heilage krigen; alt dette er blitt ein dødeleg mikstur. At dei fleste muslimane som bur i desse gettoane er fredelege, hjelper ikkje så lenge dei same gettoane held fram med å produsere stadig nye jihadistar. Konfliktane i dei europeiske samfunna vil med naudsyn bygge seg opp.


Trua som forsvann

Til no har integreringspolitikken vore bygd på trua om at den økonomiske voksteren og det liberale demokratiet løyser dei aller fleste problema. Sjølv det problemet at delar av den muslimske befolkninga tok med seg tankegods frå Midtausten der ein i prinsippet meinte at fråfalne skulle bli straffa med døden, at dei som braut ekteskapet skulle bli piska; også dette ville med tida forsvinne. At det ut frå den muslimske folkesetnaden skulle dukke opp hundrevis og tusenvis av jihadistar som erklærte samfunna våre såkalla heilag krig, det var det knapt nokon som så for seg. Etter kvart ville vi alle bli del av ein fargerik fellesskap der alle hadde tru på demokratiet, menneskerettane og likestilling mellom kvinner og menn. 


Røyndomen viste seg å bli mykje mindre rosenrød.

Så er me komne dit me er no, etter terroren i Paris i november 2015. Det er lita hjelp i å seie at me skulle ha handtert innvandringa og integrasjonspolitikken på ein annan måte for 10-20 år sidan. No må me sjå framover og finne ut kva som kan gjerast for å hindre at dei konfliktane me har sett bygge seg opp i Europa, blir trappa ned i staden for å bli trappa opp.


Løysinga som vil kunne tvinge seg fram, er ein mykje meir konsekvent og det mange vil sjå på som ein meir hardhendt integreringspolitikk. Til no har mange hevda at det er nok at innvandrar frå Midtausten lærer seg dei europeiske språka. Integrering inn i heile den europeiske kulturen – og ikkje minst då i den kristne-humanistiske kulturarven – blir heilt essensiell. Ein må kort sagt forhindre at valdelege sider ved Midtausten-kulturane får leve meir eller mindre uforstyrra i gettoar i og ikring dei store europeiske byane.    


Samstundes vil det sannsynlegvis bli oppfatta som meir og meir risikofylt at store minoritetsgrupper, som til dømes somaliarar i Noreg, nesten ikkje tek del i arbeidslivet. Det er vanskeleg å sjå for seg anna enn at ei verkeleg integrering av innvandrarane også i det europeiske arbeidslivet vil utfordre den måten me tenker økonomi på. Om dei gruppene som til no har stått utafor arbeidslivet, skal bli integrerte, vil me nok måtte hente inn att mange av dei reguleringane me hadde på 1960- og 70-talet. Den grenselause frihandelen som er blitt lovprist av heile det politiske etablissementet dei siste tiår, vil måtte bli avgrensa.  


Alt dette føresett naturligvis at det ikkje kjem nye, store folkevandringar frå Midtausten inn i Europa dei neste åra. Skjer det, vil planane om ein sterkare integrasjon ikkje kome lenger enn på teiknebrettet. Utsegn om at «ein må hjelpe flyktningane der dei er», blei latterliggjort av eit samla politisk korrekt Noreg for nokre månader sidan. No er denne tidlegare så utskjelte tanken i ferd med å bli felles tankegods.


Mykje farligare

Ei gjenoppretting av dei indre-europeiske grensene, ein mykje strammare innvandringspolitikk og sist, men ikkje minst ein heilt annan integrasjonspolitikk vil nok på kort sikt skape problem og kanskje også opprivande konfliktar mellom europeiske statar og inne i kvar einskild stat. Alternativet, å halde fram som me har gjort til no, vil antakeleg vere mykje farligare.  

Siste innlegg

Se alle

Året då Kina steig fram

2018 blei fleire sanningar skotne ned. Den fremste eks-sanninga handla om Kinas integrasjon i den liberale verdsordninga. Publisert i Dag og Tid i januar 2019 I heile perioden mellom 1979 og 2010 vaks

Freden då alt gjekk gale

For 100 år sidan kom Versailles-konferansen saman. Statsleiarane der gjorde alle dei feila som tenkast kunne. Også i dag kjenner me verknadene av konferansen. Publisert i Dag og Tid vinteren 2019 I ja

Draumen som alltid blir mareritt

I meir enn 100 år er ulike sosialistiske eksperiment blitt lanserte. Alle har gått gale. Kvifor er det ingen som lukkast, og kvifor er det så vanskeleg å vedgå fiaskoane? Publisert i Dag og Tid april

2019 Halvor Tjønn